Tilbakeblikk på kommunestrukturen

I 2006 blei «gamle» Vindafjord og Ølen kommunar etter folkerøystingar slegne saman til «nye» Vindafjord. Dette var den første endringa i kommunestrukturen i fylket sidan endringane etter Schei-komiteen rundt 1965. Vi ser tilbake på kva som har skjedd på dette punktet sidan kommunalt sjølvstyre blei innført i 1837

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2014

I 1837-38 var det 27 formannskapsdistrikt eller kommunar i fylket, mot 26 i dag. For landet reknar ein 392 kommunar i 1837-38 medan det nå er 428. Ein hadde den gongen følgjande kommunar i fylket (nyare namneformer er nytta):

Sokndal

Time

Suldal

Heskestad

Gjesdal

Finnøy

Lund

Høyland

Rennesøy

Helleland

Håland

Nedstrand

Egersund

Hetland

Skudenes

Eigersund

Stavanger

Avaldsnes

Bjerkreim

Strand

Torvastad

Hjelmeland

Skjold

Klepp

Jelsa

Vikedal

(Ølen var eigen kommune i S. Bergenhus/Hordaland)

 Grunnlaget for kommuneinndelinga var i all hovudsak prestegjelda. Etter kvart skjedde mange oppdelingar, store avstandar og vanskelege kommunikasjonar gjorde truleg mykje og urbaniseringa kravde sitt .T.d. blei Ogna skilt ut frå Eigersund alt i 1839 og Sauda skilt ut frå Suldal i 1842, Haugesund blei skilt ut frå Torvastad i 1855 og Sandnes frå Høyland i 1861. Topp-punktet med 55 kommunar nådde ein i 1930 då Håland blei delt i Sola og Madla kommunar. I 1944 blei det for første gong ei samanslåing ved at Sogndal ladestad og Sokndal herad blei slegne saman. Det var dermed 54 kommunar i fylket då Schei-komiteen starta arbeidet sitt i 1946 (Nikolai Schei var fylkesmann i Sogn og Fjordane). I arbeidet til Schei-komiteen blei det lagt vekt på å skapa økonomisk levedyktige kommunar som kunne gi grunnlag for ein forsvarleg og tidsmessig administrasjon og tenesteapparat, m.a. utbygging av 9-årig skule. Dei minste kommunane på den tida hadde omtrent ikkje heiltids tilsette i administrasjonen.

 I hovudsak skjedde samanslåingane i Rogaland i 1964 og 1965. 744 kommunar på landsbasis i 1957 blei til 454 kommunar i 1967. I Rogaland starta prosessen med at Skåre blei innlemma i Haugesund i 1958. 1. januar 1964 blei nye Hå kommune oppretta, medan det store rushet skjedde 1. januar 1965 då 27 kommunar (kommunenamn) blei sletta av kartet. Stort sett gav den største av dei samanslegne kommunane namn til den nye kommunen, men to nye kommunenamn oppstod: Karmøy og Vindafjord (Hå var ”oppattbruk”).

 Det var ikkje berre ”heile” kommunar som blei flytta på. I mange tilfelle blei kommunar splitta opp og lagt til ulike nykommunar, for å få tenlege einingar. Det har også vore ein del reine grensereguleringar utanom utskiljing/samanslåing av heile kommunar, såleis blei deler av Hetland lagt til Stavanger i 1867, 1879, 1906, 1923 og 1953, i takt med byutviklinga.

 Hovudbiletet i perioden 1838 til 1965 er at talet på kommunar blei dobla for sidan å bli halvert, men geografisk liknar resultatet i liten grad det som var utgangspunktet i 1838. Størst likskap har truleg Hjelmeland som er identisk med Hjelmeland i 1838 bortsett frå Fisterøyane som gjekk til nye Finnøy. Ein del utskilte kommunar blei ”flytta”, som Sjernarøy som høyrde til Nedstrand til 1868 og nå blei del av Finnøy og Ogna som hadde høyrt til Eigersund, men nå blei del av Hå. I 1865 blei Høgsfjord kommune skilt ut frå Strand. Høgsfjord blei delt alt i 1871 i Forsand og Høle kommunar. I 1965 hamna Høle i nye Sandnes kommune.

 I stor grad blir det nå fjordane som dannar grense medan dei før batt saman (ordet ”fjord” heng saman med ”å fara”). Vegutbyggingar har lagt grunnlaget.

 Klepp er einaste kommunen i fylket som har vore heilt urørd av endringar sidan 1838 etter det vi kan sjå. For Time har grensa vore regulert i 1970 og 1989 i høve til Gjesdal, men i ubygde område.

 Ølen kommune blei overflytta frå Hordaland frå 1. januar 2002 etter ei folkerøysting i 1999. Etter folkerøystingar i 2003 vedtok kommunestyra i Ølen og Vindafjord å søkja om samanslåing av dei to kommunane. Samanslåing blei vedtatt i statsråd 23. januar 2004 og gjennomførd frå 1. januar 2006.

Vedlagde tabell viser hovudtrekka i endringane 1838-1965.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.