Digital landbrukskonferanse – Alle vil ha matjorda, men til kva?
- Dato:
- 15. mars 2021 09:00 - 12:30
- Stad:
- Digital direktesending og livestreaming av debatt frå Stavanger Aftenblad
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, Landbruksråd Rogaland, KS, og Rogaland landbruksselskap
- Målgruppe:
- Politikarar og alle som arbeider med eller for landbruksnæringa.
Landbrukskonferansen 2021 går i lufta, eller digitalt som mange seier. Annleisåret 2020 lærte oss å sette pris på god og trygg matvareforsyning, og Rogaland leverte. Men kva nå? Vi spør oss, deg og politikarane: Korleis blir framtida for landbruket i Rogaland? Vi må snakke om jordvernet når – alle vil ha matjorda.
Vi har mellom anna fått med oss statssekretær Heidi Karin Nakken i KMD, generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag og Bothild Å. Nordsletten som er redaktør i Bondevennen. Våre politikarar blir sjølvsagt utfordra i valåret 2021.
Program 15. mars
Tid | Innhald. NB! Kan bli endra | Namn |
0900 – 0910 | Logg på! Vi gjer oss klar til å kome i gang | møteleiar er ass. landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland, Anfinn Rosnes |
0910 – 0920 |
Velkomen til konferanse! | leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit |
0920 – 0945 |
Frå jord er du komen, til high tech skal du bli? Argument for ei meir jorda framtidstru for matfylket Rogaland. |
redaktør i Bondevennen, Bothild Å. Nordsletten |
0945 – 1000 | Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland | landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland, Geir Skadberg |
1000 – 1005 | 5 min pause | |
1005 – 1030 |
Koronatid og norsk matproduksjon – plattform for framtida |
generalsekretær i Norges Bondelag, Sigrid Hjørnegård |
1030 – 1050 |
Kor viktig er jordvernet for Noreg? |
statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Heidi Karin Nakken |
1050 – 1115 |
Landbruk kontra anna plasskrevjande næringsutvikling |
forskar i Ruralis, Heidi Vinge regionaldirektør i NHO, Tone Grindland |
1115 – 1120 | 5 min pause | |
1120 – 1145 |
Framtidas landbruk for matindustrien |
konserndirektør i Nortura, Kjell Rakkenes |
Over til studio | ||
1145 – 1230 |
Samtale kring utnytting av ressursgrunnlaget og konsekvensane for samfunnet. |
Kristine Stensland i studio med gjestene Heidi Vinge, Marit Epletveit, Kjell Rakkenes, Tone Grindland, Geir Pollestad (SP), Marianne Chesak (AP), Ingrid Fiskaa (SV) og Margret Hagerup (H). |
Det blir rom til å stille spørsmål til innleiarane via eit google-skjema. Saknar du kaffi-pausane? Det gjer vi også, men fordelen med digital konferanse er at du kan liste deg ut og hente kaffi når det passar.
Dei som ønskjer å sjå konferansen i ettertid må ta kontakt.
Påmelding
Påmeldingsfristen er gått ut.
- Dato:
- 15. mars 2021 09:00 - 12:30
- Stad:
- Digital direktesending og livestreaming av debatt frå Stavanger Aftenblad
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, Landbruksråd Rogaland, KS, og Rogaland landbruksselskap
- Målgruppe:
- Politikarar og alle som arbeider med eller for landbruksnæringa.
Kontaktpersonar
-
Ingrid Roth
Tlf: 90 67 53 01 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66