Gjennomgang av klimakalkulator for landbruket
- Dato:
- 22. september 2021 10:00 - 11:00
- Stad:
- Teams-møte
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, TINE og NLR Rogaland
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvaltning og andre som vil høyre meir om klimakalkulatoren
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2021 00:00
Klimakalkulatoren gir bøndene oversikt over klimagassutslepp og rom for reduksjon og karbonbinding på eigen gard. Ønskjer du å høyre meir om verktøyet, kan du bli med på Teams-møte med rådgivarar frå TINE og NLR. Dei er i gang med å gi klimaråd til bøndene i Rogaland.
Målet er at så mange bønder som mogleg tek klimakalkulatoren. Per i dag er den klar til bruk for dei som driv med mjølk, korn og gris. Dei andre produksjonane kjem etter kvart. Bønder i Rogaland som har fått klimaråd frå NLR og TINE kan søkje regionalt miljøtilskot.
Onsdag 22. september går Randi Hodnefjell frå NLR Rogaland, og Norolf Husveg frå TINE igjennom korleis klimakalkulatoren fungerer. Monica Dahlmo frå Statsforvaltaren i Rogaland gir eit kort innblikk i tilskotsordninga i Regionalt miljøprogram. Møtet varer ein time, og er spesielt retta mot kommunal landbruksforvaltning. Andre interesserte er også velkomen til å delta.
Påmelding
Meld deg på innan 20. september ved å fylle ut skjemaet. Du får tilsendt lenke til møtet i svar-eposten, samt ei påminning rett før møtet.
- Dato:
- 22. september 2021 10:00 - 11:00
- Stad:
- Teams-møte
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, TINE og NLR Rogaland
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvaltning og andre som vil høyre meir om klimakalkulatoren
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2021 00:00
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66