Tankar om nytt lausdriftsfjøs? Velkomen til informasjonsmøte om investeringsmidlane
- Dato:
- 17. september 2024 11:00 - 18. september 2024 23:59
- Stad:
- Ølen og Vikeså
- Arrangør:
- Landbrukspartnarskapen i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder og andre interesserte
Velkomen til informasjonsmøte anten du berre er nysgjerrig, eller er i tenkeboksen for om du skal gjere nødvendige investeringar for å møte lausdriftskravet. Det blir to møte. Eit 17. september på Vikeså, og eit 18. septemer i Ølen. Her blir det informert om korleis du kan søke støtte frå Innovasjon Norge til byggeprosjekt.
Publisert 22.08.2024
Møta blir arrangert av landbrukspartnarskapen i Rogaland i samarbeid med hhv Bjerkreim kommune og Vindafjord kommune.
Program
11.00 – 11.30 Lunsj og mingling
11.30 – 14.00 blir det følgjande innlegg:
- Ordførar ønsker velkomen!
- I rute til lausdriftskravet? Statsforvaltaren i Rogaland
- Innovasjon Norge går igjennom krav til søknad og gir ein peikepinne på kva som blir støtta, samt støttenivå
- Tankar frå Bondelaget
- Vi får døme frå bønder som har investert
Det blir rom for å stille spørsmål.
Møta er gratis, men av omsyn til matbestillinga ber vi om påmelding innan 15. september.
- Dato:
- 17. september 2024 11:00 - 18. september 2024 23:59
- Stad:
- Ølen og Vikeså
- Arrangør:
- Landbrukspartnarskapen i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder og andre interesserte