Ope informasjonsmøte om spreieareal på innmarksbeite
- Dato:
- 19. august 2026 19:30 - 21:30
- Stad:
- Vidsyn, Vidsynvegen 22, 4160 Finnøy
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til informasjonsmøte om ny gjødselbruksforskrift og spreieareal onsdag 19. august kl. 19.30 på Finnøy. Møtet blir arrangert i samband med Tomatfestivalen og er ope for alle interesserte.
Den nye gjødselbruksforskrifta inneber at Statsforvaltaren kan vurdere om eldre godkjenningar av spreieareal framleis kan gjelde der desse overlappar med registrert naturbeitemark. Dette har aktualisert spørsmål om både regelverk, kartlegging av naturbeitemark og korleis eldre vedtak skal handterast. Sjå elles vår siste nettsak om dette tema.
På møtet vil vi orientere om den nye gjødselbruksforskrifta og bakgrunnen for varsla som er sende ut. Vi vil òg informere om regelverket og den vidare prosessen, og leggje til rette for spørsmål, innspel og dialog.
Statsforvaltar Bent Høie vil opne møtet og seie noko om Statsforvaltaren si rolle. Det blir vidare innlegg frå representantar frå Bondelaget, Miljøvernavdelinga og Landbruksavdelinga v/landbruksdirektør Monica Dahlmo hos Statsforvaltaren. Det blir òg sett av god tid til spørsmål frå salen.
Representantar frå Stavanger kommune vil vere til stades og bidra med å svare på spørsmål.
Det blir servert kaffi og noko attåt.
Tid og stad
Onsdag 19. august kl. 19.30
Utsyn, Utsynvegen 22, 4160 Finnøy
Møtet er ope for alle interesserte, og det er ikkje nødvendig med påmelding.
Vel møtt!
- Dato:
- 19. august 2026 19:30 - 21:30
- Stad:
- Vidsyn, Vidsynvegen 22, 4160 Finnøy
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland