Landbruk og mat


30.03.2026

Hugs bandtvang frå 1. April

I Noreg er det ordinær bandtvang frå 1. April til 20. August med omsyn til vilt og husdyr.


27.03.2026

Kystskogkonferansen 2026

1.–2. juni står Rogaland som vertskap for Kystskogkonferansen. Arrangementet blir avholdt på Sola Strand Hotel og utferden går til Strand og Hjelmeland i Ryfylke.

24.03.2026

Nok egg til påskefrukosten i år

Marknadssituasjonen for egg i påska ser bra ut, så vi kan ta det heilt med ro – påskefrukosten er redda.

18.03.2026

Kor sårbar er matsikkerheita vår – eigentleg?

Kva skjer med matsikkerheita når klimaet endrar seg – og kva betyr det for Rogaland? På landbrukskonferansen nyleg la Bob van Oort, seniorforskar frå CICERO, fram nye oversikter som viser at utfordringane er i ferd med å bli både tydelegare og nærare.

 


17.03.2026

Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland

Statsforvaltaren inviterer igjen til den årlege fagsamlinga for landbruksforvaltninga – ein viktig arena der vi styrkjer beredskap, deler kunnskap og byggjer eit breiare nettverk på tvers av stat og kommune. 

 


11.03.2026

Auke i utbetalt produksjons- og avløysartilskot tilnærma lik prisveksten i 2025

Sum utbetalt produksjons- og avløysartilskot i Rogaland var i 2025 opp 3,2 prosent pr føretak i forhold til året før. Prisveksten i samfunnet var 3,1 prosent.


10.03.2026

Jordvern og landbruk i FRAM – fylkesplan for regional utvikling og mobilitet

Rogaland fylkeskommune har starta arbeidet med ny fylkesplan for regional utvikling og mobilitet (FRAM-plan). Det er lagt opp til eit relativt omfattande planarbeid med mål om første vedtak i fylkestinget i juni 2027. Statsforvaltaren har i uttale til planprogram peika på at landbruk og jordvern er viktige tema i planarbeidet.


10.03.2026

Nasjonale føringar for investeringsmidlar i 2026

Landbruks- og matdepartementet har i brev av 27. februar 2026 gitt rammer til Innovasjon Norge si forvalting av dei næringsretta verkemidla på landbruks- og bioøkonomiområdet for 2026. Det er godt kjend at det er mange saker i kø for å få investeringsstøtte.


09.03.2026

Bernt Terje Høyland og Laurits Stokkeland fekk landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2025

Prisen får dei for arbeidet og innsatsen dei har gjort på vegner av bøndene langs Sørlandsbanen. Høyland og Stokkeland har sidan 2019 stått i fronten i gjerdepliktsaka som blei endeleg avgjort i Høyesterett 25. november 2025.


04.03.2026

Hugs søknadsfrist for produksjonstilskot 15. mars

1. mars var teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjons- og avløysartilskot no i mars. Same dato opna søknadssystemet med søknadsfrist 15. mars.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Landbruk og mat i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.