Utsett: Fagdag om gardsvarmeanlegg den 12. november på Bryne
Fagdagen om gardsvarmeanlegg den 12. november på Bryne er utsett inntil vidare som følgje av koronasituasjonen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland Bondelag inviterer CH4 til fagdag for gardbrukarar og produsentar innanfor landbruket.
Eit intensivt landbruk inneberer høgt energiforbruk innan mange produksjonar, eksempelvis kylling, smågris og grønt i veksthus. Bruk av bioenergi og varmeproduksjon ved fyring av flis eller ved i eit gardsvarmeanlegg er eit reelt alternativ til andre energiberarar, og kan vere både meir økonomisk og klimavenleg.
I løpet av fagdagen vil du få ei innføring i korleis eit gardsvarmeanlegg fungerar, ulike råstoff, økonomiske avveiingar og støtteordningar til gardsvarmeanlegg og landbruksbygg i tre frå Innovasjon Norge. Me får også høyre om korleis bygge landbruksbygg i tre, frå skisse til ferdig bygg. Dagen ender med omvisning hjå gardbrukar Jo Pollestad som forteljer om sine erfaringar med flisfyring i kyllingproduksjon.
Tid og stad: 12. november 09.45 - 15.00 på Bryne Kro og Hotell. Det blir også ein seanse ute på Nærbø med omvisning i flysfyringsanlegget il kyllingprodusent Jo Pollestad.
Program
Tid | Tema | Innleiar |
09.45 - 10.00 | Drøs og kaffi | |
10.00 - 10.10 |
Velkomen og innleiing Landbruket - ein del av klimaløysinga |
Marit Epletveit Rogaland Bondelag |
10.10 - 11.00 |
Gardsvarmeanlegg Anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investeringar og økonomi |
Karl Ludvig Ådland CH4 |
11.00 - 11.30 | Lunsj | |
11.30 - 12.30 |
Gardsvarmeanlegg fortsett Inkludert produksjon av biokol på gardsnivå |
Karl Ludvig Ådland CH4 |
12.30 - 12.45 | Støtteordningar for investeringar i gardsvarmeanlegg og bygg i tre |
Aart-Dirk van Zanten Magnussen Innovasjon Norge Rogaland |
12.45 - 13.00 | Tre som konstruksjonsmateriale i landbruksbygg |
Daniel Andreas Breivik Norsk landbruksrådgiving Rogaland |
13.00 | Avreise for omvisning på flisfyringsanlegget til Jo Pollestad | |
15.00 | Avslutning |
Frist for påmleding: Bindande påmelding innan 4. november. Påmelding skjer i skjemaet nedst på sida.
Deltakaravgift: Arrangementet er gratis.
Arrangør: CH4, Rogaland bondelag og Fylkesmannen i Rogaland, med støtte frå Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge.
Ved spørsmål ta kontakt med Birgit S. Hagalid, Fylkesmannen i Rogaland. bisha@fylkesmannen.no, 51 56 88 91
På grunn av korona-situasjonen tek vi atterhald om at seminaret kan bli avlyst på kort varsel.