1 av 3 ammekyr i Rogaland står framleis oppstalla på bås i vinterhalvåret

Ammekyr på beite.
Ammekyr på beite. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

148 bønder i Rogaland som har ammekyr oppstalla på bås har i ei undersøking svart at dei vil fortsette med ammekyr etter 2034. Det er dermed behov for minst 15 nye eller ombygde ammekufjøs per år fram mot 2034.

Publisert 24.09.2024

Krav om lausdrift for alle storfe frå år 2034 var bakgrunnen for undersøkinga, og tre hovudargument var avgjerande for at den regionale landbrukspartnarskapen ville få «meir kjøt på beinet»:  

  • Lausdriftskravet i mjølkeproduksjon fått betydeleg merksemd dei seinare åra, medan ammekuproduksjon har falt litt utanfor. Verken slakteria, faglaget Tyr, kjøtkontrollen eller offentlege etatar hadde oversikt over kor mange besetningar og mordyr som er oppstalla på bås i vinterhalvåret. 
  • Situasjonen i marknaden har gjort at ammekuproduksjonen dei siste åra ikkje har blitt prioritert ved tildeling av midlar frå Investerings – og bedriftsutvikling i landbruket (IBU).  
  • Dyrevelferd er blitt meir vektlagt i dei nasjonale føringane for tildeling av IBU-midlar dei to siste åra.  

Fatland, Nortura, Prima, Tyr, Innovasjon Norge og Statsforvalteren har derfor kartlagt oppstallingstype og investeringsbehov på føretaksnivå i ammekuproduksjonen i Rogaland. 

Høg svarprosent 

Oversikt frå søknad om produksjons- og avløysartilskot oktober 2023 viser heile 976 føretak i Rogaland som er registrerte med minst ei ammeku. I undersøkinga er føretak registrert med mjølkekyr og som har under 6 ammekyr og/eller ikkje 50 prosent kjøtferase (ammetanter) tatt ut. Totalt blir det 942 produsentar i Rogaland. Heile 641 produsentar har svart på undersøkinga, noko som gir ein svarprosent på 68.  

Jærkommunane har nær halvparten av ammekyrne  

36 prosent oppgir at dei har ammekyr oppstalla på bås i vinterhalvåret. Totalt har dei som svarte 12 665 mordyr som gir ein gjennomsnittleg besetningsstorleik på 20 ammekyr. 4095 mordyr (32 prosent) står oppstalla på bås, og 8570 mordyr er i lausdrift i vinterhalvåret. Det betyr at lausdriftsbesetningane er større enn dei som står på bås. Nær halvparten av båskyrne finn vi i Jærkommunane Hå, Klepp, Time, Sandnes og Gjesdal, som til saman har 1875 mordyr på bås. 

Minst avgang i distrikta 

85 produsentar antar at dei vil gi seg innan 2034, og desse har i dag 1476 ammekyr. Av dei som vil gi seg er det størst prosentvis avgang av føretak i Jærkommunane, i Gjesdal, Klepp, Sandnes og Time kommune med høvesvis 50, 50, 47 og 46 prosent av føretaka. Minst avgang i dyretal har distriktskommunane Lund, Bjerkreim og Tysvær med høvesvis 22, 26 og 30 prosent. 

2 av 3 ammekyr på bås blir å finne igjen i lausdriftsfjøs 

Av dei 233 produsentane som har båsfjøs, har 148 svart at dei vil produsere vidare etter 2034. Det er etter dette behov for minst 15 nye eller ombygde ammekufjøs per år fram mot 2034. Dette vil bli krevjande sett i høve til det generelle investeringsbehovet i Rogaland, med stor konkurranse om IBU-midlane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.