Bøndene får større ansvar for dyrehelsa
Ny dyrehelseforskrift trer i kraft 1. juli og den inneheld nye krav ved flytting av dyr og til smittevern.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.06.2018
Formålet med forskrifta er å fremme god dyrehelse og bidra til god folkehelse og dyrevelferd ved å regulere korleis sjukdommar hos dyr skal førebyggast, kontrollerast, avgrensast og utryddast.
Dette er nytt:
- Innføring av karenstid for flytting av storfe, svin og lamadyr.
- Bøndene får større ansvar for førebyggande helsearbeid. Her kan nemnast krav til skriftleg smittevernplan, særskilte hygienekrav og kompetansekrav.
- Forbod mot å flytting av hodyr utvidast til å gjelde hodyr av geit i tillegg til sau. Forbod mot å flytte småfe over fylkesgrenser blir oppheva, og det blir laga større regionar som vil gjere det lettare å flytte hanndyr av småfe. Det blir opna for livdyrsamarbeid på småfe under visse føresetnader.
Sjølve forskrifta finn du på Lovdata. Du kan lese meir om forskrifta på heimesida til Norges bondelag og Mattilsynet.