Førebels stopp i behandling av nye søknader om investeringsmidlar i landbruket (IBU) i Rogaland

Storfe på beite
Det er eit klart investeringsbehov i mjølkesektoren i Rogaland Foto: Nono Dimby.

Innovasjon Norge opplyser om rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar. Det blei på møte i Landbrukspartnerskapet 8. mai 2025 semje om at Innovasjon Norge førebels må seie stopp for andre saker enn mjølk. Berre til mjølkefjøs har dei fått søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma for 2026. Situasjonen er heilt ekstraordinær, og ny informasjon vil bli gitt etter neste partnarskapsmøte i september.

Publisert 13.05.2025

Innovasjon Norge (IN) la fram ein status for løyvingar av investeringsmidlar – IBU-midlar. Det er uvanleg stor investeringsvilje i næringa, særleg til lausdrift for mjølk. Auka støttesats har tydelegvis gitt stor etterspurnad, og lokal pott var langt på veg tom allereie i januar. Det var semje i Landbrukspartnarskapet om å informere om førebels stopp i behandling av nye saker på andre produksjonar enn mjølk. 

21 mjølkeprosjekt først i køen

Det er om lag 380 båsfjøs for mjølk i Rogaland ved inngangen til 2025. Dersom 280 av desse skal vere med vidare, må det byggast om lag 30 nye fjøs årleg fram mot 2034. I tillegg må vi ha ombygging/nybygg for ammekufjøs, og også fornying av ein del eldre lausdriftsfjøs. Etter at potten for 2024 var tom, har IN mottatt 52 søknadar om støtte til nye mjølkefjøs for 2025-potten. 31 av desse har fått tilskot på til saman 145 millioner i IBU-tilskot.  Av dette er det tildelt om lag 50 millionar frå nasjonal pott på 100 millionar. Samstundes er det viktig å framheve at det i år er løyvd 20 mill. kroner til andre prosjekt, og det er samstundes fleire saker knyta til dyrevelferd vi ikkje kan prioritere. 

Det er altså pr mai 2025 heile 21 lausdriftssaker for mjølk som det ikkje er midlar til, gode prosjekt sett i høve til vår prioritering. Situasjonen er ekstraordinær. Det er bønder i Rogaland som satsar som eit resultat av nasjonale signal og målretta regional mobilisering. Desse 21 sakene vil difor bli prioriterte først ved ny tildeling av midlar i 2026, eller om det kjem ekstra midlar i år. 

Held denne situasjonen fram, er det ikkje rom for å kunne prioritere til dømes sau og ammeku i 2026. 

Har du tankar om å søkje om IBU-midlar – vent på ny informasjon! 

Det er for seint å søke IBU-midlar nå om du har tankar om å få del i potten for 2025. Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang i husdyrhaldet, og da er det ekstra viktig at vi får ein god del av nemnte nasjonal pott. Det blir gjennom jordbruksavtalen avklart om det blir eigen nasjonal pott til lausdriftsfjøs i 2026. Det er store investeringsbehov i landbruket i Rogaland, sjå vedlagt notat, og det blir utfordrande dersom IN ikkje kan prioritere andre tiltak i landbruket. For 2025 er det berre gitt 3,5 millionar i støtte til tilleggsnæringar, mot 6 millionar i 2024.

Mobilisering til hausten? 

Det var semje i partnarskapet om å vente med mobiliseringsarbeid om IBU-midlane til status og prioritering er meir avklart. Aktuelt tema er å utfordre næringa, inkludert byggebransjen, til å få ned kostnadane og vurdere alternative byggeprosessar (full eller trinnvis utbygging). Det vil kome meir informasjon om dette når meir er avklart.

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket (RT-midlar)

Rogaland fylkeskommune informerte i møtet om at det er kome inn fleire gode søknader til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket. Meir om denne ordninga finn du på fylkeskommunen si nettside. Første søknadsfrist var 10. april, og det vil bli ein ny frist til hausten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.