Mjølkeproduksjonen skal ned i 2022
Som følgje av koronapandemien har det vært større etterspurnad av mjølk dei siste to åra. No viser prognosane ein pårekna nedgang i etterspurnaden og mjølkebehovet komande år. Difor blir forholdstalet for kumjølk sett ned for 2022. Det betyr mindre mjølkeproduksjon nasjonalt og regionalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tine er marknadsregulatoren for mjølk i Noreg, og lagar prognosar for mjølkebehov og mjølkeproduksjon. Det er ein pårekna nedgang i etterspurnad for kumjølk komande år, difor tilrår Tine å sette ned forholdstalet for kumjølk frå dagens 1,07 til 0,98. Det vil seie at bonden får produsera 98 prosent av grunnkvota si.
Forholdstalet blir sett ned
Noreg bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tilrår å sette ned forholdstalet for kumjølk til høvesvis 0,99 og 1,0 for 2022. Tine reknar med ein større reduksjon etterspurnaden for kumjølk og tilrådde å sette forholdstalet til 0,98, men slutta seg til eit forholdstal til 0,99. På grunnlag av dette fastsette Landbruks- og matdepartementet forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk til 0,99 for 2022. Dette betyr at kvar bonde kan produsere 99 prosent av grunnkvota.
Disponibel kvote for kumjølk i Norge er ca. 1,7 millionar liter, ved redusert forholdstal vil disponibel kvote reduserast til 1,56 millionar liter mjølk noko som utgjer ein nedgang på 7,4 prosent.
Nedgong i mjølkeproduksjonen i Rogaland
Å sette ned forholdstalet gir nedgang i mjølkeproduksjonen for komande år. I 2021 blei forholdstalet sett til 1,07 noko som ga ein auke på ca. 20 millionar liter mjølk over grunnkvota i Rogaland til 303 millionar liter mjølk. Ved justert forholdstal til 0,99 vil dette føre til ein nedgang på ca. 23 millionar liter melk, ned 7,5 prosent i Rogaland.