Kartlegging av ammeku-produksjonen i Rogaland

Ammeku
Ammeku i lausdriftsfjøs. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Har du ammekuproduksjon, vil du bli kontakta av slakteriet ditt med spørsmål om du har dyra på bås eller ei, og om det er behov for å bygge om fram mot 2034.

Publisert 31.01.2024

Lausdriftskravet gjeld for alle storfe frå 2034. Lausdriftskravet i mjølkeproduksjon har fått betydeleg merksemd dei seinare åra, medan ammekuproduksjon har falt litt utanfor. Det vil landbruksnæringa gjere noko med.

Ammeku-gruppa som består av representantar frå Fatland, Nortura, Prima, Tyr og Statsforvaltaren ønskjer å kartlegge oppstallingstype og investeringsbehov i ammekuproduksjonen i Rogaland. Bøndene vil bli kontakta av varemottakar med spørsmål om dei har dyra på bås eller ei, og om det er behov for å byggje om fram mot 2034.

Slakteria vil kontakta bøndene på epost/sms/telefon med spørsmål om:

  1. Har du ammeku (mordyr) oppstalla på bås i vinterhalvåret? Ja eller Nei
  2. Hvis Ja, tror du at det er ammekyr på garden om 10 år? Ja eller Nei

Slakteria skal deretter levere kvar si liste som viser føretaksnamn og resultat til Statsforvaltaren innan 1. mars. Statsforvaltaren vil kople opplysningane med si liste frå søknad om produksjonstilskot, og analysere resultata. Informasjonen om kvart enkelt bruk vil bli anonymisert før resultata blir gjort kjend.

Målet er å vere ferdig med kartlegginga innan midten av mars 2024.

Resultata skal mellom anna brukast inn mot den regionale landbrukspartnarskapen. På grunn av marknadssituasjonen, har ikkje ammeku-produksjonen blitt prioritert i dei siste åra. Dyrevelferd er vektlagt i dei nasjonale føringane for tildeling av IBU-midlar, og partnarskapen ønskjer derfor å få innsikt i status for ammeku-produksjonen. Ved prioritering av midlar vil partnarskapen ta omsyn til marknadsbalansen for kjøtproduksjon.

Oversikter frå søknad om produksjonstilskot oktober 2023, viser heile 976 føretak i Rogaland som er registrerte med minst ei ammeku. Kartlegginga vil derfor krevje ein del ressursar frå varemottakarane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.