Organisert beitebruk gir verdifull utnytting av utmarka!

Ordninga organisert beitebruk sikrar bruk av utmarka - og gir stor verdiskaping. Med færre bruk og medlemar i beitelaga blir elektronisk sporing stadig viktigare for å sikre dyrevelferd og effektiv sanking.
Nå på seinsommaren er det tid for å hente sau og lam heim frå fjellet. I Rogaland – og i delar av Agder, blir det slept over 100 000 sauer og lam til fjells gjennom ordninga organisert beitebruk.
Ordninga har røter tilbake til 1970, og blei etablert for å sikre betre utnytting av utmarka, styrke dyrevelferda og redusere tap av dyr. Her får beitelaga tilskot for å organisere tilsyn og sanking av dyr på utmarksbeite. Ordninga legg til rette for samarbeid mellom beitebrukarar og gir betre oversikt over dyr i utmark. I ei tid med nedgang i tal bruk med sau, er ordninga absolutt like aktuell og viktig i dag, som ho var då ho blei innført.
Økonomisk verdi av utmarksbeite
NIBIO og Norsk Sau og Geit har berekna den årlege verdien av utmarksbeita til å vere om lag 1 milliard kroner på landsbasis fordelt på rundt 2 millionar beitedyr. Dette gir ein gjennomsnittleg verdi på ca. 500 kr per dyr per sesong, eller om lag 6,50 kr per dyr per dag over ein beiteperiode på 75 dagar.
Med dette som grunnlag, kan ein rekne ut verdien av utmarksbeite for dei 40 901 vaksne sauene som blei sleppt til fjells i 2024: 40 901dyr × 75 dagar × 6,50 kr. Det utgjer ein estimert verdi på omlag 19,9millionar kroner i løpet av beitesesongen.
Sauer på veg ned frå hei og fjell. Foto: Hanne E. Herrebrøden
Trass i nytten, er det nedgang i tal aktive medlemar i beitelag i Rogaland. I 2019 var det 717 medlemar, medan talet i 2024 var 650. Samstundes har talet på sau gått ned med om lag 3 000 dyr, men denne nedgangen er meir varierande frå år til år. Det er verdt å merke seg at nedgangen i medlemstal er større enn nedgangen i talet på dyr. Det betyr færre folk til å følgje opp dyra, og gjer at hjelpemiddel som elektronisk sporing blir stadig viktigare for å sikre tilsyn og dyrevelferd i fjellet.