Tid for å søkje tilskot til investeringar i utmark
Søknadsfrist 15. mars for beite- og sankelag som vil søkje om tilskot til konkrete investeringstiltak eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
Fomålet med ordninga "Tilskot til tiltak i beiteområde" er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.
Døme på tiltak som kan få tilskot
Tiltak det kan søkjast tilskot til er til dømes;
- sperregjerde
- sanke- og skiljeanlegg
- bruer og ferister
- gjetar- og sankehytte
- anlegg av, rydding og utbetring av driftevegar
- saltsteinautomatar
- transportrammar
- teknologi og elektroniske anordningar
- planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
Regionale prioriteringar:
I Rogaland har vi valt å prioritere tiltak som stettar formålet med ordninga. I år har Rogaland fått 500 000 kroner til fordeling.
Høgast prioritet har installasjonar som lettar tilgang og bruk av beite, tilsyn i beitesesongen, sanking og ettersanking på hausten. Lågare prioritert er kostnadskrevjande prosjekt som til dømes gjetar- og sankehyttene.
Tiltaka skal vere investeringstiltak og/eller planlegging - og tilretteleggingstiltak. Søknadar til drift, som til dømes abonnementskostnader og drift av basestasjonar for elektroniske anordningar, fell utanfor regelverket.
Beitelaga må gjer greie for behova dei har i sitt område. Potten er liten og det er viktig å prioritere tiltaka.
Kven kan søkje?
Tilskotet er hovudsakeleg berekna til beitelag og andre former for organisert samarbeid. Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift, kan søkje. Enkeltføretak kan søkje når det på grunn av naturgjevne eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.
Søk gjennom Altinn
Beite- og sankelag som vil søkje tilskot må søkje elektronisk gjennom altinn.no innan 15. mars 2025. Ved behov legg ved dokument som til dømes kart over beiteområdet med plassering, nærare beskriving av tiltaket, samt avtaler med grunneigar.
På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og lenke til søknadsskjema i Altinn.no. De finn skjemaet på Altinn når de søkjer på «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Her finn de òg god forklaring til utfylling - Tilskot til tiltak i beiteområde - Landbruksdirektoratet.
Kommunane tildeler tilskot etter lokale retningsliner
Etter søknadsfristen sender kommunane ei prioritert oversikt over søknader og behov til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren fordeler deretter ut potten mellom kommunane etter innmeldt behov, slik at dei så kan gjere vedtak.
Den økonomiske ramma gjer det vanskeleg å imøtekomme alle søknadane. Beitelaga kan likevel søkje tilskot til alle typar prosjekt slik at vi får oversikt over dei reelle behova for investeringstiltak i beiteområda.
Oppsummering av midlar i 2024
I 2024 kom det inn 37 søknader til 9 kommunar. Samla kostnader på planlagde investeringar var 3 881 116 kroner, med eit samla søknadsbeløp på 2 352 432 kroner. 27 søknader fekk innvilga totalt 508 300 kroner.