Næringa må ta ansvar for tomatmøllen
Mattilsynet har vurdert forskjellige strategiar for korleis me i Noreg kan handsama utbrot av tomatmøll (Tuta absoluta). Konklusjonen er at næringa sjølv må ta ansvar for å bekjempa skadegjeraren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møllen med det latinske namnet Tuta absoluta blei funne hos fire tomatprodusentar på Jæren i vår. Skadegjeraren har aldri før vore funne i Noreg, men er utbreidd i fleire andre europeiske land. Møllen kan gjera stor skade i tomatproduksjonen.
Mattilsynet har sett på forskjellige strategiar for å handsama skadegjeraren på i framtida. Dei har blant anna vurdert kostnadane ved offentlege påbod om sanering, og risikoen for å få inn skadegjeraren på nytt. Konklusjonen er at Mattilsynet ikkje vil fatta nye vedtak om sanering i dei veksthusa der tomatmøllen er funne, og heller ikkje kjem til å gje påbod om tiltak for å utrydda og hindra spreiing av skadegjeraren dersom det kjem nye utbrot.
Dette betyr at næringa sjølv får ansvar for tiltak for å hindra spreiing og nye utbrot. Mattilsynet skriv i pressemeldinga si at dei i samarbeid med NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) vil følge opp behovet for meir informasjon, og sjå på korleis skadegjeraren kan overvakast.
Mattilsynet si pressemelding finn du her.
Les meir om Tuta absoluta her.