Fakta om jordbruksarealet i Rogaland
Viktigaste føresetnaden for matregionen Rogaland er matjorda. Kor mykje jord ligg i botn for ei årleg verdiskaping på 6,3 milliardar kroner, med 6 300 årsverk på primærleddet og 3 300 sysselsette i den landbruksbaserte industrien?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.06.2020
NIBIO sitt arealbarometer viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Norge. Viktig kunnskap for folk flest, verdikjeda, politikarar og forvaltninga. Barometeret viser også dyrkingspotensialet, rett nok ikkje kvalitetssikra i høve til natur- og miljøverdiar.
Her finn du barometeret for Rogaland og her kan du søkje på kommunar og fylke.