Korleis fôra dyra til vinteren?
Det var stort oppmøte når Rogaland bondelag arrangerte møte på Jæren for å diskutere grovfôrsituasjonen. Deltakarane fekk nyttig informasjon og gode råd om korleis dei best skal handtere situasjonen med lite grovfôr.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På møtet blei det gitt konkrete råd om kva den enkelte kan gjere for å få størst mogleg grasavling til tredje slåtten. Kva kraftfôrtyper bør nyttast og korleis bør ein leggje opp fôringa når ein har lite grovfôr var og tema. Fylkesmannen informerte om erstatningsordninga for avlingssvikt. Dei som er usikre på kva dei skal gjere blei oppfordra til å ta kontakt med ulike rettleiingstenester.
Meir informasjon om møtet på Rogaland bondelag si nettside.
I høgremenyen ligg det lenkjer til dei ulike presentasjonane frå møtet.