Om avlingsskadeerstatning og arealtilskot i søknadsåret 2018
Den langvarige tørkeperioden og varmen har gitt avlingsskadar i både korn- og grovfôrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet har, ut i frå denne heilt spesielle vekstsesongen, presisert korleis regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot skal praktiserast i 2018.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Avlingsskadeerstatning
Alle som har rett på produksjonstilskot og som kan dokumentere svikt i avlingane på fulldyrka og overflatedyrka jord grunna klima, kan søkje erstatning. Det er skade ut over 30 prosent av gjennomsnittet som kan erstattast. I produksjonar der avlinga blir selt, til dømes korn og potet, vil gjennomsnittsavlinga bli berekna over fem år. Av dei seks siste åra vel søkar kva fem år som skal inngå i berekninga. For mange vil det vere naturleg å ta ut 2017 som var eit vanskeleg år. Dei som driv med grovfôrproduksjon og husdyr, får avlinga samanlikna med ei fastsett normavling for området.
Område | Normavling for fulldyrket eng til slått og beite, jf produksjonstilskot kode 210, FEm/dekar |
Sandnes, Stavanger, Hå, Klepp, Time, Sola, Randaberg, Finnøy og Rennesøy | 700 |
Eigersund, Haugesund, Kvitsøy, Bokn, Tysvær, Karmøy, Utsira og Vindafjord | 580 |
Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Forsand, Sokndal, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda | 540 |
Kommuane treng ikkje kontrollere tørkeramma areal men må måle opp grovfôrlager
Det er liten tvil om at tørke er orsaka til avlingssvikten i tørkeramma område. Av den grunn treng ikkje kommunane å kontrollere areala etter innmelding av avlingsskade. Dei som driv med grovfôrproduksjon og husdyr må dokumentere årets avling. Dei skal saman med saksbehandlar frå kommunen måle opp grovfôrlageret så snart som mogleg etter at alt grovfôret er hausta etter siste slått. Både overlagra fôr og årets avling skal målast opp. Viss søkar ikkje kan dokumentere eller sannsynleggjere at fôr er overlagra eller innkjøpt, vil det bli rekna som ein del av årets avling. Kommunen kan gjere avtale med fagpersonar som på vegne av kommunen kan måle opp grovfôrlager.
Erstatning på korn og arealtilskot
Føretak vil uavhengig av om dei vel å fôrhauste umodent korn på delar eller heile åkeren, eller ventar og tresker mogent korn, få avlingssvikt beregnet som i vekstgruppe korn. Dette blei presisert i Ldir sitt rundskriv 2018-24 som kom 12. juli.
Såing og hausting av til dømes eittårig raigras eller anna vekst på desse kornareala vil ikkje redusere erstatninga. I år er det gjort unnatak slik at dei produsentane som vel å ensilere kornavlinga og så i ny kultur, framleis vil få arealtilskot til korn. Viss fleire har nytta det same arealet i 2018, er det føretaket som nytter arealet pr. 1. august som skal søkje produksjonstilskot.
Søknadsfrist og nødvendig dokumentasjon
Dei som har avlingsskade må melde dette til kommunen så snart dei blir klar over skaden. Siste frist for å levere søknad om erstatning er 31. oktober 2018. Landbruksdirektoratet oppmodar forvaltninga i kommunane og hjå Fylkesmannen til rask sakshandsaming. For å kunne gjere det, må nødvendig dokumentasjon vere på plass. Dette er:
For dei med grovfôr og husdyrproduksjon:
- Dokumentasjon av grovfôrlager og oversikt beiting på fulldyrka og overflatedyrka areal.
For dei med salsproduksjonar:
- Dokumentasjon av gjennomsnittsavling. Som hovudregel er dette hovudbok med nødvendige underbilag som t.d. utskrift frå rekneskap eller oppgåver/faktura frå varemottakar/omsettingsledd
- Dokumentasjon av skadeårets avling. Dette kan ettersendast etter søknadsfristen.
Det er høve til å søke forskot på inntil 50 prosent av antatt erstatning. Dette for å betre likviditeten for bønder som er hardt råka av tørken.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77