Mykje matjord av nasjonal verdi i Klepp
Over halvparten av den dyrka jorda i Klepp kommune har svært god jordkvalitet. Saman med godt klima, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal gjer dette Klepp til ein viktig kommune for matproduksjonen i landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Norsk institutt for skog og landskap har utført jordsmonnkartlegging i Klepp kommune og har utarbeida kommunerapport om jordsmonnet på dyrka jord.
Kommunevise jordrapportar er eit nytt produkt frå Skog og Landskap.
Størsteparten av jordbruksareala i Klepp er av svært god eller god jordkvalitet. 65 % av det jordsmonnkartlagde arealet i Klepp kommune er sjølvdrenerande. Saman med eit godt klima for planteproduksjon, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal gjer dette Klepp til ein viktig bidragsyter for landet sin matproduksjon. Jordbruksdrifta i kommunen er intensiv og variert, og gir eit godt økonomisk utbytte.
Jordrapporten for Klepp er den første kommunerapporten av dette slaget i Rogaland. Meir om jordrapporten for Klepp kan du lese her hjå Skog og Landskap.