Matfylket Rogaland byggjer ned mest matjord
Rogaland omdisponerte 2049 dekar dyrka og dyrkbar jord i 2014. Omfanget er rekordhøgt og framleis høgast av alle fylke.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Førebelse KOSTRA-tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 1519 dekar dyrka jord og 530 dekar dyrkbar jord vart omdisponert i Rogaland i 2014, - totalt 2049 dekar. Omdisponering av dyrka jord er nær 4 gonger så høgt som neste fylket på lista, Hedmark med 467 dekar.
- Dei høge omdisponeringstala på Jæren er ei direkte følgje av vedteken Regionalplan Jæren, uttalar landbruksdirektør Hadle Nevøy. I tillegg ser vi at store areal god matjord blir omdisponerte og bygde ned ved gjennomføring av samferdsleprosjekt. Regionalplan Jæren har på nødvendig måte fastsett langsiktig grense landbruk og kjerneområde landbruk, og desse grensene har til nå i hovudsak blitt respektert.
Tala for 2014 er langt høgare enn dei siste åra. I 2013 vart 737 dekar dyrka jord og 160 dekar dyrkbar jord omdisponert i Rogaland – totalt 897 dekar.
Jærkommunar omdisponerer mest
Sandnes, Klepp, Stavanger, Gjesdal og Sola omdisponerte mest dyrka jord. I Sandnes blei 634 dekar dyrka jord omdisponert. I Klepp 241 dekar, Stavanger 197 dekar og i Gjesdal 120 dekar. Godkjent regulering av Vagle-området i 2014 frå landbruksnæring til anna næring utgjer mykje av det omdisponerte arealet i Sandnes.
1412 dekar av dei 1519 dekar dyrka jord for Rogaland vart omdisponert på Jæren (dei 10 kommunane i Regionalplan Jæren). Dette utgjer 93 % av omdisponeringa i fylket.
- Kostra-tala understrekar at hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda på Jæren, meiner Nevøy.
Omdisponering til samferdsle, bustad og næring har størst omfang i Rogaland:
Næring | 547 |
Samferdsel | 250 |
Bustad | 244 |
Offentleg eller privat tenesteyting | 117 |
Grøntstruktur | 306 |
Førebelse tal for heile landet er at det er omdisponert 5050 dekar dyrka jord (5620 i 2013).