Semje om utviding av Q-Meieriene

Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegner til utvidinga av Q-meieria sitt anlegg i Klepp kommune. I meklinga 01.12.2014 blei partane samde om ei løysing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2014

Motsegnene var grunngjevne med at utvidinga går ut over den langsiktige grensa for landbruk. Fylkesmannen hadde varsla at motsegna kunne trekkjast dersom brotet på langsiktig grense blir kompensert gjennom tilbakeføring av areal i andre aktuelle område, tilsvarande det som går med i samband med omreguleringa.

Ja til utviding, men...

I meklingsmøtet mellom Klepp kommune, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen 01.12.2014 blei det semje om at motsegnene blir trekte, under visse føresetnader. Klepp kommune skal mellom anna starta ein prosess med revisjon av arealdelen i kommuneplanen. Der skal det innlemmast tilsvarande areal fulldyrka jord i kjerneområde landbruk i Tu, Kleppe sør og/eller Åna-Grude.

Heile protokollen frå meklingsmøtet finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument