Skjerpa jordvern inneber også strengare krav om effektiv arealutnytting
Dersom vi skal innfri skjerpa nasjonale og regionale jordvernmål er god arealutnytting viktig, dette for å unngå press på nedbygging av nye landbruksareal. Statsforvaltaren gav nyleg Klepp kommune råd om å planlegge for høgare bustadtettleik i samband med høyring av Detaljregulering for Orstad landsby.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Høyringssaka gjaldt offentleg ettersyn av Detaljregulering for Orstad landsby. Reguleringsplanen skal legge til rette for 137 bustader i rekkehus og lågblokker. Basert på ei gjennomført stad-analyse la planforslaget opp til 70 bueiningar i lågblokk og 67 i rekkehus. Dette tilsvarar ei arealutnytting rett over 100 % BRA, eller 4,5 bustader per dekar dersom utnyttinga skal tilpassast tettleiksdefinisjonen i førre Regionalplan for Jæren. I gjeldande områdereguleringsplan for Orstad er det stilt krav om ein bustadtettleik mellom 4,5 - 7 bustader per dekar i det aktuelle området.
Skjerpa nasjonale og regionale jordvernmål
Sjølv om den føreslegne arealutnyttinga er innafor rammene som er satt i Regionalplan Jæren og søre Ryfylke og den vedtekne områdereguleringsplanen for området, har Statsforvaltaren gitt råd om høgare bustadtettleik. God arealutnytting er viktig dersom vi skal innfri skjerpa nasjonale og regionale jordvernmål, både i nye og regulerte område til utbyggingsføremål. Eit aktuelt tiltak for å oppnå ei effektiv arealutnytting og slik styrke og sikre eit betre jordvern, er å unngå parkering på bakkeplan.
Stortinget vedtok i vår eit skjerpa nasjonalt jordvernmål og i Hurdalsplattforma er det nyleg signalisert ei ytterlegare innskjerping (maksimal årleg omdisponering av dyrka jord på 2000 dekar). Ei god utnytting av avklarte byggjeområde vil vere nødvendig dersom vi skal nå desse viktige overordna måla.