Støtte til kommunal jordvernstrategi – søknadsfrist 20. august

Landbruksdepartementet har lyst ut midlar til arbeid med kommunal jordvernstrategi.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det kan løyvast inntil 100 000 kroner, og det er ikkje strenge vilkår for å få støtte. Meir informasjon finn du i vår tidlegare nettsak.
Jordvern viktig tema i Rogaland
Rogaland er eit viktig jordbruksfylke, og har om lag 10 % av den dyrka jorda i Noreg. Samstundes har vi dei mest sentrale pressområde når det gjeld utbygging i same område som dei beste jordbruksareala.
Kommunar med stort utbyggingspress er prioritert når det gjeld støtte til jordvernstrategi, og vi har fleire slik kommunar i Rogaland. Mange kommunar i Rogaland er nå i gang med revisjon av kommuneplan, og har under arbeid planstrategi og planprogram. Det er slik sett aktuelt å utarbeide ein jordvernstrategi som ein del av dette arbeidet.
Vi ser gjerne at kommunar i Rogaland er på søkarlista for denne støtteordninga.