Rapport om statsforvaltarane si saksbehandling etter eigedomslovgivinga

Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein rapport om statsforvaltarane si saksbehandling av saker etter eigedomslovgivinga i landbruket, det vil seie etter jordlova og konsesjonslova. Det er Landbruks- og matdepartementet som gjennom tildelingsbrevet har bestilt slik rapport for 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er kommunane som i all hovudsak er førsteinstans i saker etter jord- og konsesjonslovgivinga, med unntak av driftseiningsvurderingar etter jordlova § 12, 6. ledd, kor Statsforvaltaren er førsteinstans. Nytt av 2023 er Statsforvaltaren også er førsteinstans i saker kor AS søkjer konsesjon, jf. tidlegare nettoppslag om dette. Dette vil først bli fanga opp i rapportering for 2023. Statsforvaltaren er også førsteinstans i saker etter jord- og konsesjonslovgivinga der kommunen sjølv er part.
Rapporten gir ei kort framstilling av dei ulike sakstypane innanfor jord- og konsesjonslovgivinga, og presenterer statistikk over tal på sakar innanfor dei ulike heimlane for perioden 2005-2022. Det er også tal på saker kor Statsforvaltarane gjer om vedtak utan klage etter eige tiltak etter forvaltningslova § 35, samt Statsforvaltarane sin bruk av kontrollheimelen i jordlova § 3.
Rapporten er vedlagt i sin heilskap.
Kontaktpersonar
