Fylkesmannen krev tilbakeføring av ulovleg nydyrka areal ved Søylandsvatnet i Hå
Bonden som har dyrka mykje meir areal enn det som er tillate ved Søylandsvatnet, må no tilbakeføre det som er ulovleg dyrka og fjerne steingarden som er sett opp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nydyrking er viktig for å utvide produksjonsgrunnlaget i jordbruket, m.a. for å nå målet om auka matproduksjon og for å oppnå betre arrondering av jordbruksarealet. Det er kommunen som handsamar søknadar om dyrking, og som har ansvar for å følgje opp og godkjenne dyrkinga. Etter at det i fjor haust blei oppdaga at meir enn tillate areal har blitt dyrka opp ved Søylandsvatnet, har Hå kommune tatt opp til politisk behandling korleis dei skulle reagere på brotet. I sitt vedtak beklaga kommunen det som har skjedd, og bad om å få ei sak der reaksjon i form av trekk i produksjonstilskot blir vurdert.
Fylkesmannen har valt å overprøve vedtaket i Hå fordi vi meiner kommunen sitt vedtak ikkje er ein tilstrekkeleg reaksjon på brotet på forskrifta. Det er vår vurdering at reaksjonen frå kommunen si side ikkje i tilstrekkeleg grad vil bidra til at grunneigarar ikkje gjer seg skuldig i framtidige lovbrot. Det er eit særleg moment i denne saka at brotet er gjort i eit viktig leveområde for fugl. Avgjersla om kor mykje som kunne dyrkast blei tatt av Fylkesmannen etter at Norsk ornitologisk foreining klaga på kommunen sitt vedtak.
Dyrkingsarealet er rett ved Søylandsvatnet naturreservat som er eit viktig leveområde for fugl, som også har internasjonal RAMSAR-status. I klageavgjersla blei det gjort ei avveging mellom omsynet til bonden sitt behov for å utvide driftsgrunnlaget og betre arronderinga av det aktuelle arealet, og omsynet til naturverdiane i området. ”Dette er ei vanskelig sak. Men, for å kunne inngå kompromiss mellom jordbruket sine interesser og miljøverdiar er vi avhengige av at dei kompromissa som vi kjem fram til blir haldne ” seier landbruksdirektør Hadle Nevøy. ” Alternativet kan fort vere at det vil bli vanskelegare å tillate dyrking i slike område viss ikkje kommunane viser seg i stand til å handheve dyrkingsgrensene. Det blir ikkje rett mot dei som følgjer regelverket viss det ikkje blir reagert i dette tilfellet.
Dyrkingssteinen er brukt til å lø opp ein steingard i grensa mellom beite og dyrka mark. Bonden får krav om å tilbakeføre arealet som er ulovleg dyrka. Stein skal leggjast tilbake slik at mest mogleg av tidlegare uttrykk blir gjenskapt, og eventuelle dreneringsrøyr skal fjernast. Eit innmarksbeite er viktigare for fugl enn dyrka mark, og vil ved normal drift også føre til mindre næringsavrenning til Søylandsvatnet.
Vi er samde med Hå kommune i at det er vanskeleg å gjenskape dei same kvalitetane som arealet hadde, men vi meiner at berre ”beklagelse” og ingen reaksjon etter nydyrkingsforskrifta vil kunne skape presedens for liknande saker. Retningslinjene for forvaltning av produksjonstilskot er klare på at produksjonstilskot ikkje skal brukast som ein samlepost for å reagere på brot av ulike slag. Reaksjonar skal først og fremst gjerast ved bruk av det regelverket som brotet er mot. Ved grove brot er det mogleg å trekkje produksjonstilskot samstundes med sanksjonar etter regelverket som er brote. Det blir no opp til Hå kommune å vurdere om kva som bør gjerast i dette tilfellet.