Betre oppfølging av miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot
Landbruks- og matdepartementet føreslår å endra §4 i forskrift om produksjons- og avløysartilskot. Endringa gjeld mogleigheita for å reagera på negative inngrep i kulturlandskapet og vegetasjonssone langs vassdrag, og vil gjera det lettare for landbruksforvaltninga å handtera trekk i tilskot. Det blir også mogleg med mildare og meir målretta reaksjonar enn dagens regelverk opnar opp for.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føremålet med areal- og kulturlandskapstilskuddet er å bidra til å skjøtta, vedlikeholda og utvikla kulturlandskapet. Dagens vilkår inneber fullt avslag på alt areal- og kulturlandskapstilskot dersom miljøkrava blir brote. Endringa i forskrifta er tenkt å gi betre og meir forholdsmessig oppfølging av miljøkrava i forskrifta.
Open høyring
Høyringsfrista er 10. september! Alle kan koma med ei uttale til høyringa.
Høyringsuttaler skal sendast ved å nytta Landbruks- og matdepartementet si digitale løysing for høyringar.
Meir nyansert oppfølging
Departementet føreslår ei endring i paragraf 4 i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Endringa inneber at landbruksforvaltninga kan avkorta areal- og kulturlandskapstilskotet dersom det er gjennomført eit inngrep som forringar kulturlandskapet, eller i tilfelle der det ikkje er minst to meter vegetasjonssone mot vassdrag.
Forslaget inneber at forvaltninga kan vedta eit trekk i tilskotet etter paragraf 4 sjølv om tiltaket i tillegg er eit brot på noko av det andre regelverket som ligg til grunn for jordbruksdrift. Storleiken på trekket i tilskot skal vurderast ut frå omfanget og konsekvensane av inngrepet.