Lars Audun er årets praksisstudent ved Landbruksavdelinga
Lars Audun Bøen har starta sitt praksisopphald i Landbruksavdelinga. Målet er at han bli kjent med Statsforvaltaren, og vår rolle i forvaltninga. Oppgåvene går ut på å sjå på nasjonal og regional politikk innan vassforvaltning, og miljøutfordringar sett i høve til jordbruksdrift i grensa mot vassdrag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lars Audun går fjerde semester på Universitetet i Stavanger på retninga statsvitskap. Han skal no vere 16 veker i 50 prosent stilling som praksisstudent på Landbruksavdelinga hjå Statsforvalteren i Rogaland. Det er blitt ein tradisjon at vi har ein student på praksisopphald i starten av året.
Føremålet med opphaldet er å gjere seg kjent med kva roller Statsforvalteren har i forvaltninga, og korleis nasjonal politikk blir følgd opp frå nasjonalt til kommunalt nivå. Lars Audun skal under opphaldet sjå på nasjonal politikk og føringar for vassforvaltning, og miljøutfordringar i jordbruket.
Lars Audun skal etter endt praksisopphald levere ei oppgåve om kva som er nasjonal politikk og Statsforvalteren sine oppgåver innan det aktuelle området, med prosjektet «Bedre vannkvalitet i Hålandsvatnet» som eksempel. Han vil arbeide saman med prosjektleiar, og får innsyn i samarbeidet med jordbruksbruksnæringen, Fylkeskommunen og kommunane. Vi ser fram til samarbeidet, og trur at det også vil vere til nytte i vårt arbeid.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Margit Reiersen
Tlf: 51 56 87 76