Ny tilsett hjå landbruksavdelinga
Malene Hassel Sørensen er tilsett som rådgivar hjå landbruksavdelinga, og skal ha eitt års vikariat i plangruppa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Malene kjem til oss frå Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen. Ho er utdanna ved UiB og UiS med bachelorgrad i samfunnsvitskap og mastergrad i rettsvitskap. I 2017 hadde ho skriveplass på miljøvernavdelinga kor ho skreiv masteroppgåve om omsynet til uteoppholdsareal til born, og starta så i engasjement i same avdeling.
Sentrale arbeidsoppgåver på landbruksavdelinga vil vera dispensasjonar frå plan- og bygningslova, regional og kommunal planlegging, og saker etter jord- og konsesjonslova. Ho vil og bidra med juridisk bistand på andre arbeidsområde, spesielt innan forvaltning av tilskot.