Felles innsats for å sikre kompetanse i mat- og landbruksnæringa

Deltaking på Utdanningsmessa i Stavanger 2026.
Deltaking på Utdanningsmessa i Stavanger 2026. Foto: Eli Munkeby Serigstad.
Det er krevjande å rekruttere til dei tradisjonelle agronomifaga, og både forvaltning og næring opplever mangel på kompetente søkjarar. Utdanningsmessa i januar blei starten på ein samla innsats for å snu utviklinga – med 13 engasjerte organisasjonar på plass.
Publisert 04.03.2026

Seinhausten 2025 gjekk 13 organisasjonar frå offentleg sektor, industri, rådgiving, utdanning, forsking og faglag saman om ei felles satsing på rekruttering og deltaking på Utdanningsmessa i Stavanger i januar 2026. Målet er å styrke og behalde jordbrukskompetansen i fylket. Messa retta seg mot elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande.

På standen «Velg mat» løfta vi fram ulike yrker, utdanningsvegar og landbruket si samfunnsrolle på ein engasjerande og ungdomsretta måte. Omlag 4000 elevar deltok på messa, og mange var innom standen vår. Vi gjorde oss nokre erfaringar med både storleik, plassering, aktivitetar, profil, bemanning med meir som vi tar med oss i den vidare planlegginga. Tilbakemeldingane frå aktørane er at dei ønsker eit langsiktig rekrutteringsarbeid, og at vi saman må vidareutvikle konseptet.

Vi har etablert kontakt med det nasjonale prosjektet Velg Mat (oppstart oktober 2025) for vidare samarbeid og felles måloppnåing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.