Kor mange lausdriftsfjøs vil få investeringsstøtte i 2025?

Mjølkefjøs i Vindafjord
Mjølkefjøs i Vindafjord Foto: Atle Aasberg Hellumbråten.

Velkomen til mobiliseringsmøte i Vikeså og Ølen i september. Landbrukspartnarskapet i Rogaland er arrangør og tema er prioritering av investeringsmidlar frå Innovasjon Noreg i 2025.

Publisert 27.06.2024

Føremålet med møta er å gi tidleg og tydeleg informasjon om prioriteringane for 2025, og for å mobilisere for søknadar i prioritert gruppe. Det vil vere hovudvekt på mobilisering til bygging av nye mjølkefjøs, og møtestad er av den grunn ikkje tilfeldig.

Vikeså - Bjerkreim kommunehus -17. september 2024 kl 11:00-14:00

Ølen – Ølen kulturhus – 18. september 2024 kl 11:00-14:00

Mjølkefjøs for inntil 30 kyr vil ha høgast prioritet også i 2025

Det har vore godt kjend at investeringsmidlane for 2024 ville bli brukt opp tidleg på året.

Partnarskapet hadde møte 18. juni, der vi fekk vite at 39 mjølkefjøs har fått investeringsstøtte i 2024. Gjennomsnitt investering var 10,4 millionar kroner og snitt støtte var 3,9 millionar kroner. Rogaland var tidleg ute og fekk brukt om lag 90 millionar kroner av den nasjonale potten på 100 millionar kroner som var sett av for å imøtekome lausdriftskravet. Det er sett av same nasjonale pott for 2025, og det er viktig at vi i Rogaland kjem tidleg i posisjon til å nytte desse midlane. Også for 2025 vil det altså vere særleg prioritering av mjølkefjøs basert på eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag.

Ope møte utan påmelding

Hovudmålgruppe er bønder, men også rådgjevinga og kommunar blir inviterte. Det vil bli formidla nyttig informasjon, og planen er å ha eit innslag frå ein bonde som har investert i nytt fjøs. Det blir enkel servering og god tid til spørsmål. Meir informasjon om program blir lagt ut over ferien.

Hald av dagen - velkomen til å delta!

Lenkje til Innovasjon Noreg

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.