Kurs i jordbærdyrking
Norsk Landbruksrådgiving Sør arrangerer kurs i jordbærdyrking i januar og februar.
Publisert 11.01.2024
Kurset passar både for nye og erfarne dyrkarar med produksjon på friland eller i tunnel.
Kurset går på mandagar over tre veker (veke 5, 6 og 7) kl. 18.00 – 21.00 på Teams. Rådgivarar er Jan Karstein Henriksen og Randi Hodnefjell frå NLR Sør.
Pris kr 1500,- inkluderer 3 kveldar på teams og ein markdag i vekstsesongen (ein markdag i Rogaland og ein markdag i Agder).
Påmeldingsfrist: 26. januar.
Påmelding og program på NLR sine nettsider.
For spørsmål, kontakt Randi Hodnefjell, randi.hodnefjell@nlr.no eller Jan Karstein Henriksen, jan.karstein.henriksen@nlr.no
Det er ein nasjonal ambisjon om å auke produksjon og forbruk av norsk frukt og grønt.