Tomt for investeringsmidlar til påske?
Innovasjon Norge Rogaland melder om stor interesse for investeringsmidlar (IBU) for 2024, og har motteke over 50 søknader allereie ved starten av februar. Det kan bli tomt for midlar til påske.
Det er særleg investeringar i nye mjølkefjøs som dominerer, og auka utmåling av støtte til desse prosjekta medverkar også til auka interesse for pengebruk. Samstundes er det semje om at vi sjeldan har høve til å gå høgare enn 40 prosent støtte til mjølkefjøs. Landbrukspartnarskapet har rådd bønder til å søkje så snart som mogleg, mellom anna grunna nasjonal pott som er avsett til lausdrift for storfe.
Positivt med konkurranse om midlar
Det er i utgangspunktet positivt at det er konkurranse om investeringsmidlar, samstundes er det krevjande for Innovasjon Norge å handtere så mange som tek kontakt. Det er difor viktig at alle som kan søkjer informasjon via digitale kanalar. Nødvendig informasjon ligg på Innovasjon Norge si nettside, under Rogaland.
Prioritering blir ekstra viktig i år
Landbrukspartnarskapet i Rogaland hadde sitt siste møte i 2023 den 14. desember for endeleg drøfting av prioritering for 2024. Innovasjon Norge Rogaland opplyste her at det blei løyvd 48 millionar kroner til 22 mjølkefjøs i 2023, noko som var om lag 46 prosent av potten. Rogaland fekk i 2023 tildelt 17 millionar ekstra frå ubrukte midlar i andre regionar, men vi gjekk likevel tom tidlegare enn venta. Frå møtet i desember blei det annonsert følgjande hovudprioriteringar for 2024:
- Rogaland aukar satsane på mjølkeprosjekt
- Prioritering av storfe, sau, frukt og veksthus frå starten av året
- Aktuelle saker frå 2023 blir gjort ferdig før nyttår, og avgjort i januar 2024
- Så snart den regionale potten for 2024 er tom, blir det søkt om midlar frå nasjonal pott til lausdrift (storfe)
Det er framleis om lag 400 båsfjøs i Rogaland, og vi må slik sett bygge 40 nye fjøs kvart år fram mot 2034 om alle skal vere med vidare. Og det er også andre viktige investeringar næringa må gjere av omsyn til dyrevelferd. Vi har eksempelvis auka satsen for dei med gris til inntil 500 000 kroner for å få SPF-status (helsestatus gris).
Elles er det klar semje om at Rogaland bør få meir midlar sett i høvet til omfanget av husdyrhaldet, noko som vil kome fram av innspel til jordbruksoppgjeret.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13