Nå blir det bygd gjødselkummar
Den vanskelege vekstseongen i 2017, og Innovasjon Norge sin mellombelse tilskotsordning har fått fart i bygginga av gjødselkummar. Desse vil kome godt med i åra framover, og vil vere med på å redusere miljøbyrda frå jordbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I følge Innovasjon Norge har 69 bønder fått positivt svar på sin søknad om tilskot til ny gjødselkum. Til saman er det løyvd 7 360 000 kroner i tilskot. Nå er det spenning knytt til om alle klarer å møte kravet om bygging innan 4 månadar. Blir alle bygde gir det ein kapaistet på 120 000 m3, nok til huse gjødsla frå over 4000 kyr i 10 månadar.
Framleis tilskot til gjødsellager?
Partnarskapen i Rogaland med Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune, faglaga og Fylkesmannen vil i næraste framtid ta stilling til om bygging av gjødsellager skal kvalifisere for tilskot.
Klima utfordrar lagerkapasiteten
Vekstsesongen 2017 gav landbruksnæringa ein klar peikepinne på at god lagerkapasitet for husdyrgjødsel er heilt sentralt. I følge Meterologisk institutt har nedbøren i Noreg auka med 20 prosent sidan 1900, og førebelse estimat viser ytterlegare auke med 10 til 20 prosent fram mot slutten av århundret. Det blir fleire dagar med regn, og meir intens nedbør. Landbruksnæringa må difor ta høgde for fleire sesongar som i 2017.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66