Søk om klima- og miljømidlar
15. september og 15. februar er frist for å søkje Statens landbruksforvaltning om prosjektmidlar frå Klima- og miljøprogrammet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.08.2013
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til auka kunnskap og kompetanse om miljøutfordringar, klimagassutslepp og klimatilpassing i jordbruket. Søknadsfristen 15. februar gjeld først og fremst verksemnder som arbeider med kunnskapsutvikling og/eller kunnskapsoverføring innan klima- og miljøutfordringar i jordbruket. Slike verksemder kan vere:
- landbruksføretak eller andre bedrifter
- fag- eller næringsorganisasjonar
- kompetanseføretak, utgreiings- og forskingsmiljø
Les meir på heimesida til Statens landbruksforvaltning: www.slf.dep.no