Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram
Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram 2015 er no klart. Vi ber søkjarane merke seg at søknadsfristen er flytta fram til 20. august.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.06.2015
Rogaland har i 2015 32 millionar kroner til landbruksføretak som gjer ein ekstra miljøinnsats. Tilskota går til tiltak som kan fremje følgjande miljømål:
- Redusere forureininga til vatn og luft
- Ivareta kulturlandskap og kulturminne
- Tilretteleggje for friluftsliv
- Ivareta biologisk mangfald
Frå 1. august kan søknadene anten leverast elektronisk via Altinn eller på papir til kommunen. Søkjarane må sette seg inn i vilkår for tilskot. Vilkåra er å finne i rettleiingsheftet. Feilopplysningar i søknaden kan føre til at tilskotet blir avkorta.