Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2017

Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2017 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.07.2017

Samanlikna med 2016 er det gjort nokre få endringar:

Siste frist for å søkje er 15. oktober

Søknadsfristen er sett samtidig med fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Allereie frå 1. august kan søknaden leverast anten elektronisk via Altinn eller på papir til landbruksforvaltninga i kommunen. Telledato for ordningane er 31. juli som tidlegare .

Fleire kan få tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing

Tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing er utvida slik at heile Gjesdal kommune er med. Tidlegare blei det berre gitt tilskot til areal som drenerer til Figgjo-vassdraget. No er alle kommunane på Jæren med i tilskotsordninga. I tillegg er heile Vindafjord kommune og areal som drenerer til Skjoldafjorden i Tysvær kommune med. Områda er valt ut etter omsyn til sårbare vassdrag.

Nytt tilskot til beiting av hagemark

Hagemark er beitemark med tre, og blir ofte kalla hamnehage. Tilskotet blir gitt for å hindre attgroing. Hagemarkene har ofte eit rikt artsmangfald, og er vakre element i kulturlandskapet. Førebels sats for beiting av hagemark er 50 kr per dekar. Tilskotet blir gitt i same ordning som beiting av naturbeitemark: beite av biologisk verdifulle areal.

Eikehage på Rennesøy.

Trea kan vere styva, det vil seie at lauvet tradisjonelt blei hausta til fôr. Det blir også gitt eit eige tilskot til skjøtsel av styvingstre.

Øvrige endringer går fram av rettleiingsheftet. Her finn de også oversikt over førebelse tilskotssatsar.

Regionalt miljøprogram - miljøarbeid i praksis

Kvart fylke utarbeider 4- årige miljøprogram som set ramma for dei regionale miljøtilskota. Dei 4 orverordna miljømåla er:

  • redusere forureining til vatn og luft
  • ta vare på kulturlandskap og kulturminne
  • legge til rette for friluftsliv
  • ta vare på biologisk mangfald.

 Rettleingshefte for Regionalt miljøprogram i Rogaland 2017.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.