Regionalt miljøprogram 2019–2022
Regionalt miljøprogram gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene i Rogaland kan søkje på. No er programmet for 2019–2022 klart. Målet er at miljøtilskotet skal bidra til å løyse miljøutfordringane i Rogaland på mellom anna tap av biologisk mangfald, forureining og klimagassutslepp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samanlikna med høyringsutkastet er det gjort nokre mindre endringar og presiseringar:
- Koplinga mellom Regionalt bygdeutviklingsprogram med tilhøyrande oversikt over miljøutfordringar i Rogaland er gjort meir synleg.
- Koplinga mellom Regionalt miljøprogram og tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, SMIL er gjort meir synleg. Mellom anna ved å ta inn eit eige kapittel om SMIL.
- Førebelse tilskotssatsar er tatt bort. Dette vil i staden bli ein del av årleg informasjonsmateriell.
- Det er gjort presiseringar av skjøtselsråd for slåttemyr.
- Tilskotsordninga «skjøtsel av viktige naturtypar» er utvida til å inkludere beiting av utvalde myrtypar ved jordbruksareal.
- Tilskot til pollinerande insekt, her er det gjort justeringar i tekst som omtalar frøblandingar.
- Tilskot til etablering av vipe-areal. Her er fristen for jordarbeiding endra frå 1. mars til 10. mars.
- Det er presisert kva vassdrag som er omfatta av tilskot til kantsone i eng og grasdekt sone i åker.
Ny forskrift vil om kort tid bli tilgjengeleg på Lovdata.
Søkje i 2019?
Bøndene i Rogaland kan søkje regionalt miljøtilskot frå 1. august og fram til 15. oktober. Men, mange av tilskotsordningane sett krav til gjødslinga, og det betyr at bøndene allereie no må bestemme seg om dei vil søkje desse ordningane.
Økonomisk ramme for Regionalt miljøprogram blir fastsett gjennom jordbruksforhandlingane. Kort tid etter endt jordbruksoppgjer vil Fylkesmannen i Rogaland og styringsgruppa for RMP og SMIL fastsette førebelse tilskotssatsar for 2019.