Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing
Våren er her, og snart er det tid for gjødsling. Vi oppmodar flest mogleg til å nytte miljøvenlege metodar for spreiing av husdyrgjødsel. I Regionalt milljøprogram er det mogleg å søkje tilskot. Nytt i 2016 er at heile Sandnes er med i tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Krav til søknad om tilskot
For å få tilskot må utstyret brukast ved alle gjødslingane på arealet det er søkt tilskot til. Siste frist for bruk av husdyrgjødsel er 10. august. Det må i tillegg bli ført skiftenoteringar som viser kva tid det er gjødsla på dei ulike teigane, samt kor mange m3 det er køyrd på. Ved leige av utstyr må det ligge føre kvitteringar som kan dokumentere leiga.
Tilskotssatsar
Førebelse tilskotssatsar blir sett i etterkant av jordbruksoppgjeret 2016. Satsane for 2015 var:
- Tilskot til nedlegging/nedfelling i veksande kulturar: 80 kr/dekar
- Tilskot til nedlegging/nedfelling i open åker: 50 kr/ dekar
- Ekstra tilskot for bruk av slangeutstyr ved nedlegging/nedfelling: 50 kr/dekar
- Tilskot til nedmolding innan 2 timar: 30 kr/dekar
Kven kan søkje?
Føretak som har rett på regionalt miljøtilskot og som har jordbruksareal i definerte område kan søkje. Frist for å søkje er 20. august 2016.
Heile kommunane: |
Vindafjord, Randaberg, Sola, Sandnes, Stavanger, Time, Klepp og Hå |
Område i Gjesdal kommune som drenerer til: |
Figgjovassdraget |
Område i Tysvær kommune som drenerer til: |
Skjoldafjorden |
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66