Flyttar skulehuset tilbake til start
Eirik Moe i Mokleiv er med i satsinga på utvalde kulturlandskap (UKL) i Suldal kommune. Med støtte frå UKL-midlane har arbeidet med å flytte eit gamalt skulehus frå Litlehamar til Mokleiv starta. Målet er å bevare skulehuset i den krinsen det var bygd for, og nytte bygget mellom anna som informasjonssenter for UKL-Suldal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I Suldal kommune sin kulturminneplan står det at «Skulen står sterkt i bevisstheita til folk, og historia til skulen og utviklinga mot stadig større sentralisering er ei interessant historie. Skulehus kan også nyttast til andre ålmenne føremål i kommunal regi t.d. som informasjons-punkt langs Nasjonal turistveg Ryfylke og/eller til tilknyting til særleg verdfulle kulturlandskap».
Skulehuset er nå demontert og skal setjast opp identisk slik det sto. Moe nytter lokale handtverkarar som er spesialistar på gamle byggemetodar til arbeidet. Gjenreising, ferdigstilling og rigging av inventar, museum og formidling skjer våren og sommaren 2021.
Moe meiner at formidling er viktig for UKL. Med dette bygget på plass sentralt i Mokleiv vil ein få ei god ramme for formidling om natur og kultur. Skulehuset vil óg bli nytta til kunstprosjekt, litteraturformidling, lokalhistorie, utvandrarhistorier - og som skulemuseum. Med beitedyr og god skjøtsel av landskapet vil heilskapen av verdiane i kulturlandskapet i Mokleiv bli godt synleg for ålmenta.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78