Klarer vi å redde svarthalespoven?

Fotograf: Roy Mangersnes

Svarthalespove er ein vakker, høgreist og karakteristisk vadefugl. Fuglen har ein raudoransje fjørdrakt, særleg i hovudpartiet. Det lange nebbet er tydeleg guloransje og er med på å gi fuglen sitt særpreg. Det er færre enn 20 par med svarthalespove i Norge, fordelt på to delpopulasjonar, ein i Nord-Norge og ein på Jæren.

Publisert 26.05.2025

I Nord-Norge hekker underarten islandica på myrer og lyngheier, og har sin hovudutbreiing på Island. På Jæren hekker den sørlege underarten limosa som har sin hovedutbreiing i sentrale-Europa og på det kontinentale Vest-Europa. Denne hekker fortrinnsvis på slåttemark i tilknyting til våtmarkssystem.

Etter fleire år med ein nokså stabil bestand av svarthalespove på 11-12 par på Jæren var det ein markant nedgang i bestanden i 2022 med berre 7-8 par. Tilbakegangen har fortsett. Våren 2023 blei det funnen 6 hekkande par, og i 2024 var talet nede i 5 par. Utan målretta tiltak er det truleg snakk om få år før svarthalespoven er utrydda frå Rogaland.

Statsforvaltaren i Rogaland sin visjon er «Vi tar vare på Rogland». Å ta vare på Rogaland handlar blant anna om at ingen artar eller naturtypar skal utryddast. Alle har eit ansvar for å ta vare på Rogaland, naturen og svarthalespoven, og Statsforvaltaren i Rogaland arbeider for å være ein støttespelar og bidragsytar til dette.

Med eit kritisk lågt bestandsnivå ønsker Statsforvaltaren å gjere ein ekstra innsats og forsøke å snu den negative bestandsutviklinga. Overvakinga viser at dei fleste ungane av svarthalespove klekker, men mange ungar går tapt i samanheng med førsteslåtten. I år ønskjer me difor å gå i dialog med grunneigarar og leietakarar, og høyre kva tiltak som kan være moglege. Eventuelle tiltak vil være basert på eit frivillig grunnlag.

Grunneigarare som har Svarthalespove på sine areal, kan ta kontakt med Statsforvaltaren dersom dei ønsjker å være med på frivillige tiltak for å ta vare på arten. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.