Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2022?
Veit du om nokon som gjer ein ekstra innsats for å bevare og syngleggjere kulturlandskapet? Send dine forslag til Statsforvaltaren før 22. april.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.03.2022
Me inviterer deg til å nominere kanditatar i Rogaland til Nasjonal kulturlandskapspris 2022.
Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
Målet med ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å
- bevisstgjera allmennheita om utfordringar knytt til kulturlandskapsverdiar.
- auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet.
- bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet.
- stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel.
Kriteria for nominasjon av kandidatar:
- Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
- Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
- Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
- Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
- Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
- Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
- Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping
Har du eit godt forslag til eigna kandidat:
- fyll ut nominasjonsskjemaet og
- send det innan 22. april 2022 til Statsforvaltaren ved Nono Dimby: fmroara@statsforvalteren.no
Landbruk- og matminister Sandra Borch leiar juryen som skal velja ut årets vinnar.