Desse prosjekta fekk støtte med klima- og miljøtiltaksmiddel i 2025

Statsforvaltaren har løyvd middel til 10 ulike prosjekt som skal bidra til å løyse klima- og miljøutfordringane i Rogaland.
Og det er framleis meir midlar tilgjengeleg for gode prosjekt.
Statsforvaltaren blei tildelt 1 100 000 kr til klima- og miljøprogrammet, KMP i 2025. I tillegg er det dratt inn middel frå tidlegare ikkje gjennomførte tiltak. Det blei sendt søknadar for over 1,5 millionar kroner i 2024.
Foretaksnavn | Prosjekttittel | Sum tilsagn |
BIRDLIFE NORGE | Kartlegging av effekt av rugebur for vipe | 50 000 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA | Gjødsling og praktisk utprøving med biogjødsel | 103 000 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA AVD KLEPP | Demofelt fangvekst korn og potet | 45 000 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA | Vannkvalitet - Haugalandet | 75 000 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA | Lyng- og villbrannseminaret 2025 | 51 000 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA | Praktisk utprøving med biokull for å binde næringsstoff i sandjord | 75 000 |
ROGALAND LANDBRUKSPARK SA | Kunnskapsgrunnlag for å redusera fosforinnhaldet i jord. | 150 000 |
SULDAL KOMMUNE BYGDEUTVIKLING | Klima- og energirekneskap med moglege tiltak i landbruket i Suldal kommune | 150 000 |
MAGNUS SØYLAND | Spesialutdanning av unge lyngbrennere | 132 500 |
HÅ KOMMUNE LANDBRUKSKONTORET | Riving av gamle driftsbygninger - utarbeiding av veileder og kostnadskalkulator | 94 500 |
Det har allereie i år blitt innvilga tilskot på 926 000 kr, og det er framleis KMP-midlar igjen for søknadsomgangen 2025. Sitt du på ein god ide om korleis løyse klima- og miljøutfordringane knytta til landbruket i Rogaland. Søk i vei!
Her kan du lese meir om utlysninga av midlar og korleis du søke. Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2025 | Statsforvaltaren i Rogaland