Søk digitalt om SMIL-tilskot og tilskot til drenering
Alle søknadar om tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot til drenering av jordbruksjord skal nå sendast digitalt inn via ID-porten/Altinn. Rettleiingar og forklaringar ligg inne i sjølve søknadssystemet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På Landbruksdirektoratet sine heimesider finn du informasjon om dokument du bør ha gjort klart før du startar å fylle ut søknadsskjemaet. I tillegg finn du tips til utfylling av søknaden. Vedlagt finn du ei oversikt over lenkar som er verdt eit besøk.
Korleis søkje?
- Gå til sida www.altinn.no på internett.
Merk: andre kan fylle ut din søknad viss du gir personen tilgang til dette på www.altinn.no. - Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande
- Vel ditt landbruksforetak som Aktør, eller vel deg sjølv som privatperson viss du søker dreneringstilskot som privatperson.
- Søk opp og vel skjema, anten «Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)» eller
«Tilskudd til drenering i jordbruket». - Legg inn informasjon om tiltaket og last opp naudsynte vedlegg som du på førehand har gjort klart.
- Innsending av kart er obligatorisk. Lenke til gardskart ligg inne i søknadssystemet.
- Søknaden sendes automatisk til kommunen der landbrukseigedomen for tiltaket ligg.
Ved tekniske problem med søknadsskjema, melde direkte til support@landbruksdirektoratet.no.
Viss du har ytterlegare spørsmål om SMIL- og dreneringstilskot, så kontakt landbrukskontoret i kommunen der landbrukseigedomen for tiltaket ligg.
Lykke til.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78