Aktive bønder eig stadig mindre av driftsgrunnlaget
Lange avstandar mellom gardstun og åkrar tvingar fram nye og meir effektive driftsløysingar for bøndene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland har 1 millionar dekar produktiv jord som blir drive av om lag 4000 bønder. Men bøndene eig ikkje all jorda sjølve. Spesielt i bynære strøk er det mykje leigejord, opp mot 70 prosent. Landbrukspolitikken har, uavhengig av kva for regjering som har sete med makta, styrt utviklinga mot større bruk med større driftsomfang. Eigedomsstrukturen har ikkje følgd den ønska politiske utviklinga, og dermed har bøndene fått ei utfordring når det gjeld bruksstruktur. Det har ført til lenger avstand mellom driftssenter og leigd areal, der resultatet er mykje køyring på kryss og tvers. Det er dette som kallast dekk- og diesel-problematikken.
Som ein reaksjon på denne utviklinga, har bondelag, styresmakter og forskarar teke til ordet for at noko må gjerast. Men kva er fakta, korleis ser eigedoms- og køyremønstra ut, og korleis verkar dette inn på agronomien, produksjonsøkonomien, og samhaldet i bygda? Det har forskarar i prosjektet «Landfrag» tenkt å finne ut av. Landfrag står for arealfragmentering.
Bøndene på Orre blir forska på
Orrebygda på Jæren er plukka ut som pilot saman med sju andre stader i Noreg i prosjektet som blir leia av Ruralis (tidlegare Norsk senter for bygdeforskning). Pilotane skal få fram variasjonane i norsk landbruk, og er her representerte ved kystlandbruk i Lofoten, fjell- og kornbygder i Trøndelag, potetbygder i Hedmark, fjordbygder på Vestlandet, og Orrebygda på flate Jæren. Orrebygda har eit intensivt landbruk med mykje veksthus og frilands grønsaksproduksjon, i tillegg til mykje storfe, fjørfe og svin. Denne kombinasjonen er spesiell sett i forhold til dei andre pilotane, og kampen om jorda med høge jordleigeprisar pregar situasjonen.
I januar arrangerte forskarane i Landfrag eit møte med bøndene i Orre. Temaet er viktig, men det er vanskeleg, seier bøndene, og dei vaktar seg vel for å meine for mykje. Tankar og idear må få modnast. Det blir snakka om jordbytte, jordbank, og i ytterst konsekvens jordskifte. Jordbytte eller jordskifte krev eigarskap til jorda.
Mange passive jordeigarar
Tar vi utgangspunkt i 1979, var det 125.302 registrerte jordbruksverksemder i Noreg (SSB). I 2015 var desse blitt redusert til 41.800. Det vil seie at to av tre bønder er borte i løpet av dei siste 35 åra. Derimot ligg tal landbrukseigedommar relativt fast. I 1979 var det i 191.707 landbrukseigedomar i Noreg mot 184.407 i 2016.
Statistikken for Rogaland viser at det var registrert 10.434 landbrukseigedomar i 2016, men berre 4110 aktive jordbruksverksemder (Landbruksdirektoratet). Stadig færre bønder i forhold til jordeigarar, fører til at meir av jorda må leigast. Generelt sett er oppfatninga til bøndene at leigejord ikkje blir drive like godt som eigd jord, men her er det nyansar. Bøndene vegrar seg for å investere tungt i vedlikehald av leigejord som til dømes drenering.
Kan endringar i politikken drive fram sal av jord til dei bøndene som vil drive aktivt?