God effekt av tiltaksmidlar i landbruket
Ny rapport stadfester at midlar til utvikling i landbruket gir eit betydeleg bidrag til kompetanseheving og mobilisering i næringa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
UT-midlane (midlar til utgreiing og tilrettelegging) finansierer i underkant av 25 prosent av dei totale prosjektkostnadene. Verdien av prosjektaktiviteten er dermed fire gangar så stor som midlane.
UT- midlane er ein del av bygdeutviklingsmidlane som blir forhandla årleg gjennom jordbruksforhandlingane. Ei gruppe av saksbehandlarar frå fylkesmannsembeta har gjennomgått bruken av UT-midlar i perioden 2014 – 2016. Det blei undersøkt både blant fylkesmannsembeta, og blant mottakarane av støtte. Rapporten viser at UT-midlane er viktige mobiliseringsmidlar som bidrar til auka verdiskaping og auka investeringar i landbruket og i nye næringar.
Hovudvekt på tradisjonelt landbruk
Gjennomgangen viser at det er gitt støtte til ulike produksjonar, med hovudvekt på tiltak innan grovfôrbasert produksjon (20 prosent), lokalmat og drikke (14 prosent) og økologisk (9 prosent). Samleposten «anna» utgjorde 36 prosent i perioden, og denne omfatta mellom anna tiltak innan skogbruk og trevirke.
Svarprosenten på undersøkinga retta mot støttemottakarane var på 43 prosent. Av dei som svarte, meinte heile 75 prosent at prosjekta ikkje hadde blitt gjennomført utan UT-midlar. Over halvparten av prosjekta gjekk vidare til nye prosjekt/tiltak. Tatt i betraktning at ein del av prosjekta var kompetansetiltak, er dette eit positivt resultat. Landbruket sine organisasjonar dominerer gruppa som fått støtte (28 prosent), og Norsk Landbruksrådgiving er nest størst med 21 prosent. 41 prosent var prosjekt innan kompetanseutvikling, og 20 prosent var mobiliseringsprosjekt.
Mobilisering = investering
Det er ein klar samanheng mellom mobiliseringsarbeidet i regi av Fylkesmennene, og mobiliseringsprosjekt delvis finansiert av UT-midlar. Prosjekta utviklar seg til etablerings- og investeringsprosjekt som vises igjen som søknader til Innovasjon Norge. I undersøkinga er det omtalt fleire gode prosjekt som har starta med mobilisering og UT-midlar, og som har ført til fleire nye verksemder og nettverk.