Mjølka si framtid på Finnøy
Landbruksavdelinga har fått ein «Mr. Mjølk». I løpet av 16 veker skal student Ruben Eggebø kartlegge utviklinga av mjølkeproduksjonen på Finnøy. Han er sjølv finnøybu og studerer no statsvitskap på UIS.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kvifor Finnøy?
På folkemunne heiter det at mjølka renn til Jæren. Statistikken viser at fleire bønder dei siste 15-20 åra har slutta med mjølk, i dag er det 55 att. Landbruket og mjølkeproduksjon på Finnøy er ein viktig del av næringslivet i kommunen. Ruben håpar at undersøkinga kan gi svar på kor «skoen trykker» og kanskje enda betre; kva som skal til for å oppretthalde og auke mjølkeproduksjonen!
Ruben i eit fjøs på Finnøy ( Foto: Fylkesmannen i Rogaland)
Meir om prosjektet
Målet er at alle mjølkeprodusentar på Finnøy skal delta i ei spørjeundersøking, djupintervjua kjem først seinare. Undersøkinga blei sendt ut i sist veke. Samstundes skal han mjølke informasjon frå ulike ressurspersonar. Så trur vi at dette blir
nyttig arbeid både for Ruben og oss andre.