Nye retningsliner for tilskot til kompetanse og rekruttering i landbruket

Dei nye retningslinene frå Rogaland fylkeskommune favoriserer jord- og hagebruk.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2017

Regionalpolitikarane i fylket vedtok på nyåret nye retningsliner for tilskot til kompetanse og rekruttering i landbruket. Midlane kjem frå Jordbruksavtala som er framforhandla av Landbruks- og matdepartementet, Norges bondelag og Norges bonde- og småbrukarlag.

Rogaland fylkeskommune har ei ramme på 1,6 mill kroner til disposisjon i 2017. Potten er delt i to der 1,0 mill kroner blir lyst ut i ein søknadskonkurranse i januar månad, og skal brukast til større kompetanse- og utviklingsprosjekt. «Lillepotten» på kroner 600 000  blir tildelt etter søknader i løpet av året, og skal brukast til mindre kompetanse- og rekrutteringstiltak. Det er retningsliner knyta til  «Lillepotten» som no er blitt justerte.

Føremål

Midlane skal brukast til å styrka rekrutteringa og kompetansen i jord- og hagebruket i heile Rogaland. Midlane skal først og fremst gå til rekrutterings- og kompetansetiltak som styrkar jord- og hagebruket. Dette er i samsvar med Regionalplan landbruk der rekruttering og kompetanse er ein av hovudstrategiane for å få til eit aktivt og livskraftig matproduserande landbruk i heile fylket.

Kven kan søkje

Næringsorganisasjonar i landbruket, friviljuge lag og organisasjonar i landbruket, landbruksrådgjevinga, samvirka i landbruket, rekneskapslag, kommunane, næringshagar og dei landbruksbaserte naturbruksskulane.

Les mer.

Kontaktperson i Rogaland fylkeskommune:
Sissel Bakke, sissel.bakke@rogfk.no
Tlf. 51 51 66 23

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.