Stor interesse for massivtre

120 personar deltok på omvisninga i det nybygde massivtrefjøset hos Arnfinn Auestad 18. februar 2013.  Sauefjøset er 400 kvadratmeter og har plass til 240 sauer. Både vegger og tak er bygd i 10 cm tjukk plank levert av det nystarta Rogaland Massivtre as.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2013

Arnfinn Auestad brukte Internett for å leite etter alternative måtar å bygge sauefjøs på. Gjennom Lars Slåttå hos Fylkesmannen fekk han vite at det skulle vere eit saufjøsmøte i Bjørheimsbygd i desember 2011. Han deltok på møtet og vart inspirert av foredragshaldaren, Ola Øyen frå Landbruksbygg i tre, og dermed byrja snøballen å trille.  

Grunnarbeidet starta sist sommar og no i vinter flytta sauene inn. Om lag 80 kubikkmeter med tømmer er nytta i arbeidet. Fjøset er kostnadsrekna til 2.1 mill. kroner, og det er mellom anna finansiert gjennom Innovasjon Norge.  

Eit sauhus i tre er stillare, gir mindre lukt, har betre arbeidsmiljø for bonden og dyra enn eit tradisjonelt saufjøs. For mange bønder betyr det også mykje å få nytte eigen skog.  

Etter omvisninga var det foredrag om Landbruksbygg i tre på Veveriet på Ålgård. Etter møtet ønska fem bønder å vurdere trefjøs både for sau og kyr.  

Arrangørar var Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Gjesdal kommune, Rogaland Sau og geit, Fylkesmannen i Rogaland, Tredrivaren i Rogaland  og Rogaland massivtre as.

Lenkje til artikkel i Aftenbladet

 Møte om sauefjøs i massivtre i Gjesdal

Foto: Kari Sand

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.