Stor interesse for urban dyrking
Rundt 90 stykk ville lære meir om urban dyrking i Stavanger 14. mars. Arrangørane er nøgde med at interessa er aukande også på Jæren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
- Urban dyrking er ein del av det urbane landbruket, fortalde Annabell Pfluger, næringsutviklar hos Fylkesmannen sin landbruksavdeling. Omgrepet "urbant landbruk" er todelt:
-
Tradisjonell gardsdrift i urbane områder som leverer varer og tenester direkte til byen eller tettstaden sin befolkning.
-
Dyrkingsaktiviteter utan direkte næringsøkonomisk betydning, som ofte har eit sosialt formål i tillegg til lokal matproduksjon.
(kjelde: regjeringen.no)
Eksempel på urban dyrking er felleshagar, skolehagar, takhagar med meir. Under møtet 14.mars høyrte vi på innlegg av Kneiken Felleshage i Trondheim og frå lokale initiativ som enten allereie har starta opp eller som skal setjast i gong i løpet av året:
-
Varatun gård i Sandnes
-
Hinna Nabolagshage i Stavanger
Det finst mange argument for urbant landbruk. Nokre effektar er til dømes:
-
Auka forståing for landbruket, og brubygging mellom land og by
-
Bidra til å verne matjord
-
Bidra til innovasjon, entreprenørskap og verdiskaping
-
Skape grøne lunger og møteplassar i byane
-
Rekruttering
-
Integrering
-
Mattryggleik og -sikkerheit
Faglag som Bondelaget ser positivt på at fleire og fleire interesserer seg for det urbane landbruket. Bondelaget støttar opp under bybonden på Losæter i Oslo, er medarrangør for den nasjonale konferansen Mat I Byen som går av stabelen 12. april 2017 i Trondheim og har i 2016 stifta eit lokallag i Oslo.
I høgremargen finn du presentasjonane frå møtet om urban dyrking.