Bli betre til å fortelje historia bak ditt produkt og din gard
Sett av to helger i februar for å lære korleis du kan nytte historiefortelling til å gjere garden og omgivnadene meir attraktive.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette handler om å gå på skattejakt i sine eigne nære omgivnader. Du skal få inspirasjon og lære korleis du kan finne fram til historier og spesielle fenomen i naturen eller i kulturhistoria som du kan foredle. Det kan gjere produktet, tenesta, garden eller bygda di meir interessant.
Det er Inn på tunet Rogaland og Hanen Rogaland som inviterer til kurset "På skattejakt". Kurset er samlingsbasert med ei prosjektoppgåve som eksamensform, og gir fem studiepoeng. Kursleiar er Eli-Grete Høyvik, høgskulelærar ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Ho er ein engasjerande førelesar og har lang erfaring med dette fagfeltet gjennom at ho er gründer av og engasjert i Ciderhuset og Interplan.
Målgruppa er personar som driv med Inn på tunet (grøn omsorg), gardsturisme, tradisjonsmat, kulturformidling, reiseliv og så vidare.
Tidspunkt for gjennomføring
2.-3. februar på Byrkjedalstunet i Dirdal og
23.-24. februar på Frønsdal aktivitetsgard i Ølensvåg.
Kostnader
Deltakaravgifta er kr 1000,- , reise, kost og losji kjem i tillegg.
02.-03. februar på Byrkjedalstunet
Full kost og losji enkeltrom: kr 2000,-
Konferansepakke u/overnatting m/middag på laurdag: kr 1500,-
Konferansepakke u/overnatting u/middag: kr 1000,-
23.-24. februar på Frønsdal aktivitetsgard
Full kost og losji enkeltrom: kr 1400,- dobbelt/fleirsengsrom: kr 1000
Konferansepakke u/overnatting m/middag på laurdag: kr 450,-
Konferansepakke u/overnatting u/middag: kr 300,-
Påmeldingsfrist 19. januar 2019.
Gå til Påmelding, eller send mail til post@innpaatunet-rogaland.no eller kontakt Ynskje Kaldheim på mobil 41686756.
Elisabeth Nesheim som driv Nesheimstunet i Nedre Vats har tidlegare tatt kurset,og ho svarer gjerne på spørsmål vedrørande innhald/nytteverdi. Kontakt Elisabeth Nesheim på 924 61 223.
Kurset har fått utviklingsmidlar frå Fylkesmannen i Rogaland.